Kari Traa, Sprek norsk design

Kari Traa er ikkje berre olympisk meister i fristil med tre OL-medaljar. Ho har òg sitt eige svært populære varemerke for sportsklede. Historia til Kari byrjar på Voss, den vesle bygda mellom fjord og fjell, der ho er fødd og oppvaksen.

Det norske opphavet hennar har ikkje berre gjort Kari god i sport. Ho har i tillegg fått eit godt auge for design og ei stor skaparglede. Sjølv då ho var på høgda som skiutøvar, klarte Kari alltid å finne tid til å utvikle kreativiteten sin. Mellom treningar og konkurransar byrja ho å strikke huer til venner og lage sine eigne skiklede. Desse designane blei svært populære blant venner og andre skiutøvarar, og slik blei varemerket Kari Traa fødd.

Det er framleis glade barndomsminne, den røffe norske naturen og sterke skandinaviske tradisjonar som inspirerer designane til Kari. Det dreier seg om sportsklede som er perfekt tilpassa den feminine forma, men som likevel oppfyller krava til ein aktiv, sporty og eventyrlysten livsstil. Passar til både frøkner og friskusar.

"Det norske opphavet hennar har ikkje berre gjort Kari god i sport. Ho har i tillegg fått eit godt auge for design og ei stor skaparglede"

"Sportsklede som er perfekt tilpassa den feminine forma, men som likevel oppfyller krava til ein aktiv, sporty og eventyrlysten livsstil"