Gossip from the KT Blog

Jakta på vår nye Kari Traa jento er godt i gang, og juryen har hatt ein stor jobb framfor seg med å finna dei 12 jentene som går vidare til semifinalen. Ein ting er sikkert - det er mange, mange sporty, friske jenter der ute, og me takkar alle som deltok :)
Semifinalistane presenterer me på www.karitraajento.no og på facebook.com/karitraa. På Facebook gjeld det å stemma fram si favorittjente! Jenta som får flest stemmer går nemleg automatisk vidare til den store finalen på Voss i sommar.
Dei 12 jentene vert plukka ut av ein jury med ulik fagleg og profesjonell bakgrunn:

YNGVAR ANDERSEN
Eit av dei mest lovande friidrettstalenta Luster i Sogn har fostra! I dag har han gjort trening til sitt levebrød og er gründer av Mykjemeir AS. Yngvar er Det Nye Shape Up sin treningsekspert og har jobba som personleg trenar i 10 år. Han har også vore trenar og motivator i NRK1 programmet Bedre Puls.

NINA LØDEMEL
Redaksjonssjef i Det Nye Shape Up og har det siste året også vore utgåvesjef i Det Nye. Nina er ei ekte valdresjente som er glad i treningssentra og det pulserande utelivet i storbyen, men aller mest glad er ho når ho kan gå på ski i fjellet i blikkstille og ekte Valdresnatur.

LASSE BERRE
Sykkelentusiast på sin hals, men fyrst og fremst ein av Norges fremste fotografar. Han driv byrået BERRE i Trondheim og har lang fartstid som fotograf og konseptutviklar for mange store norske merkevarer. Han har vore med på å ta mange av Kari Traa sine fargerike bilete der sauer er involvert!

RACHEL NORDTØMME
Friidrettsjenta på sin hals og blogger om livet som hekkeløpar på bloggen Run with me! I tillegg er Rachel kjent frå siste års Skal vi Danse. Ho jobbar også litt for TV2 og har mange spennande prosjekt på gang!

KARI TRAA
Vossajenta som vann OL-gull i kulekøyring, starta eige klesmerke og hoppar fallskjerm! Då ho la opp som kulekøyrar starta ho eit rekrutteringslag i kulekøyring med tøffe, modige jenter. Kulejenter har hatt suksess både i skibakken og som serie på NRK, og målet er å skapa ein ny kvinneleg Olympisk vinnar i kulekøyring frå Norge :-)
Flotte, sporty jenter!

Jakta på vår nye Kari Traa jento er godt i gang, og juryen har hatt ein stor jobb framfor seg med å finna dei 12 jentene som går vidare til semifinalen. Ein ting er sikkert - det er mange, mange sporty, friske jenter ...






Ei av dei mest spennande merkevarene i den norske sportsbransjen, søkjer ein erfaren og habil produktuviklar som skal jobba tett med ansvarleg designar. Det er ein fordel om du har erfaring frå teknisk sportsklednad og har ein personleg interesse for trening. Stillinga inneber å ta hand om all kommunikasjon med Austen/fabrikk/leverandør for dei ulike produkta som skal utviklast, frå oppstart/skisse til ferdig produksjon. Noko designarbeid kan også førekoma.
Produktutviklar vil vera ansvarleg for:
- Utvikla tekstilprodukt og trim iht. til merkeplattform, produktplan, kolleksjonsplanar og strategiar. Speccing og tilretteleggjing av produkt for produksjon.
- Kontroll og kommentering av vareprøvar.
- Kontroll av produksjonsprøvar.
- Bistå i produksjonssettjing av produkt og kolleksjonar.
- Kontinuerleg utvikling av eigen kunnskap om trendar, material, relevante produkt og konkurrentar.
- Ansvarleg for å halda produkt og kolleksjon innan fastsatte økonomiske rammer.
Må meistra Adobe-pakken med fokus på Illustrator og InDesign, samt Office. Relevant arbeidserfaring, tilsvarande 3 år i bransjen.
Arbeidsstad: Oslo
Søknadsfrist: snarast.
For søknader og/eller eventuelle spørsmål i samband med stillinga, ta kontakt med Hedda Høiness. hedda@skigutane.com, 90 57 81 81. Evt. Johanna Hills-Johnes, johanna@skigutane.com
Ledig stilling som produktutviklar

Ei av dei mest spennande merkevarene i den norske sportsbransjen, søkjer ein erfaren og habil produktuviklar som skal jobba tett med ansvarleg designar. Det er ein fordel om du har erfaring frå teknisk sportsklednad ...

Set av helga 23. og 24. juni og delta på jentebootcamp på Voss!
Ynskjer du ei helg med fart og spenning? Likar du å vera sosial? Er du glad i trening og utfordringar? Om du svarar “JA” på alle spørsmåla bør du melda deg på jentebootcamp på Voss 23. og 24. juni!
Dette er eit samarbeid mellom Kari Traa og Girls Fitness Bootcamp.
Jenter, det blir ei helg med hard, men morosam og spennande trening, med to bootcamp økter både laurdag og sundag. Du treng ikkje vera supersprek for å delta, dette er ein bootcamp for jenter som har lyst å bli sveitte saman med Kari Traa, og som er glad i å utfordra seg sjølve.
Bootcampen startar opp kl. 12.00 på laurdag. Programmet er ikkje 100% spikra endå, men førebels ser programmet slik ut:
Laurdag 23. juni:
Kl. 12-14: Bootcamp
Kl. 14-17: Fritid
Kl. 17-18: Bootcamp
Kl. 20: Felles middag
Sundag 24. juni:
kl. 10-12: Bootcamp
kl. 12-14: Felles lunsj / Fritid
kl. 14-16: Bootcamp
Pris: kr 1000,-
Dette inkluderer to dagar med trening, middag laurdag og lunsj sundag. I tillegg får du også goodie bag frå Kari Traa samt andre, spennande overraskingar!
Overnatting må kvar enkelt ordna sjølve, men det er gjort avtale med Voss Vandrarheim om hyggjelege prisar.
Kva ventar du på? Send inn påmelding til jentebootcamp@karitraa.com i dag! :)
Delta på jentebootcamp på Voss!

Set av helga 23. og 24. juni og delta på jentebootcamp på Voss!
Ynskjer du ei helg med fart og spenning? Likar du å vera sosial? Er du glad i trening og utfordringar? Om du svarar “JA” på alle spørsmåla ...
ATTIMYDLO CHECK PRINT
Ei sporty og enkel fleecejakke med rutete trykk. Feminin form og fine ...
_Vis_









